Publisert 31.01.2024

Kraftsituasjonen veke 4, 2024

Rekordhøg vindkraftproduksjon og lågare kraftprisar

Vindkraftproduksjonen auka både i Norden, Tyskland og UK førre veke. Førebelse tal visar at  vindkraftproduksjonen i Norden var på 3,1 TWh, noko som var rekordhøgt. Vindkraft stod for ein tredjedel av den totale kraftproduksjonen i Norden førre veke, og i Noreg har det historisk sett berre vore to veker tidlegare med meir vindkraftproduksjon.

Temperaturane auka også førre veke, og det var mildare enn normalt for årstida i store delar av landet. Mildvêret bidrog til en markant nedgang i forbruket. Sjølv om forbruket gjekk ned, var det framleis  høgt for årstida i Midt- og Nord-Noreg (NO3, NO4).

Mykje vind og periodar med låge kraftprisar på kontinentet bidrog til nettoimport til Noreg over veka, og ein reduksjon i vasskraftproduksjonen frå veka før. Kraftprisane fall i heile Nord-Europa, og vekeprisen var under 100 øre/kWh i alle prisområda.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 4 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Silje Jelsness
Epost: sitj@nve.no