Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 30.06.2021 , sist oppdatert 01.07.2021

Rettleiar for handtering av overvatn på høyring

NVE sender ut forslag til rettleiar for handtering av overvatn i arealplanar på høyring. Vi ber om innspel innan 5. september.

Overvatn, trapp i Bergen. Foto Bjørn Emil Lytskjold/NVE

Høyringsdokumentet er eit utkast til ein ny rettleiar for handtering av overvatn i arealplanar, frå overordna planar til reguleringsplanar. Rettleiaren er laga for å støtte kommunane i arealplanarbeidet med å forebygge skade frå overvatn knytt til vassmengder.  

Vi ber om innspel innan 5. september

Vi ber om innspel til rettleiaren frå den enkelte kommune/konsulent/direktorat/departement  innan 5. september.

  • Bruk vedlagte høyringsskjema, med visning til kapittel og tekst det vert gjeve tilbakemelding på. Foreslå gjerne ny tekst. 
  • Gje korte og tydelege høyringssvar, og fokuser på dei 3-5 viktigaste innspela. Bruk  1 side, maks 2 i høyringsskjemaet.
  • Samla innspel i ei tilbakemelding per kommune, firma osb. Tverrfaglegheit er viktig for ei god handtering av overvatn, og vi ynskjer at aktuelle avdelingar i kommunen, hos konsulenten osb. kjem med innspel, men at innspela vert samla i ei tilbakemelding.  
  • Vi ynskjer særleg innspel på kap. 4.1 om akseptabel risiko.
  • Send innspel til høyringsdokumentet til nve@nve.no med NVE si saksreferanse 201911550 og «Høyring av NVE sin rettleiar for handtering av overvatn» i emnefeltet.

Vegen vidare

NVE ser det som viktig å ferdigstille rettleiaren for handering av overvatn i arealplanar i løpet av 2021. Kunnskapsbygging og regelverksutvikling knytt til overvatn er i stadig utvikling. NVE forventar difor at denne første arealplanrettleiaren for overvatn må oppdaterast i løpet av få år. 

Kontaktperson

Turid Bakken Pedersen
tlf. 97 68 13 12

Last ned høyringsbrev, rettleiar og høyringsskjema