Publisert 21.09.2018

Raudt farenivå for Veslemannen

Grunna høge hastigheitar på rørslene i fjellet og varsel om mykje nedbør hevar NVE farenivået frå oransje til raudt for Veslemannen.

- Vi måler at rørslene i fjellpartiet er store og har auka sjølv ved små nedbørsmengder. Døgnhastigheitene er opptil 4 cm/døgn i øvre del av det aktive partiet og litt under 1 cm i nedre del av det aktive partiet. Meteorologisk institutt har meldt ein del nedbør fram til midnatt, og dette skal auke på ut over natta. På bakgrunn av dette set vi opp farenivået til raudt, seier NVEs vakthavande geolog, Ingrid Skrede.

Veslemannen er eit relativt lite, men svært aktivt parti av det ustabile fjellpartiet Mannen i Romsdalen. Veslemannen har eit volum på 120 000 - 180 000 m3 , det vil seie rundt ein prosent av det totale volumet av Mannen.

Veslemannen, har forskyvd seg meir enn 2 meter det siste året og den nedre delen har bevegd seg 20 centimeter.

Dagsrapportar for bevegelsane blir publisert her  

Neste rapport kjem rundt kl 10 i morgon.

Kontaktpersonar:

Vakthavande geolog: tlf. 474 55 454 (ikkje sms)

Pressetelefon: tlf. 489 97 667 (ikkje sms)

Ras frå øvre del av Veslemannen 13. september

Førre gong farenivået var raudt gjekk det eit ras frå øvre del av Veslemannen. Raset på om lag 1000-2000 kubikkmeter vart fanga av NVEs kamera.

 

Sjå bilda her.