Publisert 20.12.2021

Rettleiaren til kraftberedskapsforskrifta er oppdatert

Rettleiaren til kraftberedskapsforskrifta er oppdatert. Saman med denne oppdateringa publiserer NVE ei uoffisiell engelsk omsetting av kraftberedskapsforskrifta.

Foto: NVE

I desember 2020 publiserte NVE ein ny rettleiar til kraftberedskapsforskrifta. Rettleiaren, versjon frå 2020, er no revidert basert på innkomne kommentarar og innspel frå bransjen. I tillegg har NVE utarbeida ei uoffisiell engelsk omsetting av kraftberedskapsforskrifta. Dette har vore etterspurd av bransjen. NVE understrekar at det er den norske lovteksten som gjeld.

Den reviderte rettleiaren forklarar forskriftskrava og gjev eksempel på tolking av krava, viser til relevante standardar, anna regelverk og andre kjelder. Det er for det meste språklege rettingar og i mindre grad endring av innhald i den nye versjonen. Det er også nytt at ein kan laste ned eit samla pdf dokument som inkluderer alle kapittel, samt ein versjonslogg som viser endringane frå tidlegare versjon.

Du finn den reviderte rettleiaren og engelsk omsetting av kraftberedskapsforskrifta på våre nettsider.

Kontakt

Eldri Holo, seksjonsleder
tlf. 97 09 68 95  

Janne Hagen, spesialrådgiver
tlf.  90 52 91 80