Publisert 07.12.2020 , sist oppdatert 15.02.2024

Veiledning til kraftberedskapsforskriften

Veiledning til kraftberedskapsforskriften forklarer meir detaljert kven som er omfatta av kraftberedskapsforskrifta, og gjev råd om korleis ein kan etterleve krava. Denne digitale rettleiaren erstattar rettleiinga frå 2022, men du har tilgang til versjonen frå 2022 nederst på denne nettsida.

Rettleiar til kraftberedskapsforskriften forklarer meir detaljert kven som er omfatta av kraftberedskapsforskrifta, og gjev råd om korleis ein kan etterleve krava. Den digitale rettleiaren erstattar rettleiinga frå 2022, men du har tilgang til versjonen frå 2022 på denne nettsida. 

Veiledning til kraftberedskapsforskriften er bygd opp slik: 

Rettleiaren er inndelt i same kapittel som forskrifta. Kvart underkapittel viser først forskriftskravet, deretter ordforklaring og anonymiserte eksempel som byggjer på spørsmål frå bransjen som NVE har svart på tidlegare. Til sist viser rettleiaren til aktuelle kjelder, som eksempelvis standardar, malar, temarettleiingar publisert av NVE og andre, og krysskopling til andre paragrafar og regelverk.

Ved å krysskople til andre krav, vonar vi at det vert lettare å sjå krava i samanheng. Dette er også slik forskrifta er bygd opp - ein kan ikkje lese eit krav isolert sett, men må sjå dei ulike krava i samanheng.

Rettleiaren inneheld også ei samla fil for alle kapittel (inkludert endringslogg frå førre versjon), eigna for utskrift, og ei engelsk omsetjing av kraftberedskapsforskrifta. 

Vi gjer lesaren merksam på at dersom det er motstrid mellom NVE si tolking av kravet og informasjon i andre tilviste kjelder,  er det NVE si tolking  som har forrang.