NVE gjev Clemens Kraft AS løyve til å bygge Tveiteråni kraftverk i Bykle kommune i Aust-Agder. Kraftverket vil produsere om lag 4,1 GWh i året, noko som svarar til straumbruken til 200 husstandar.

NVE legg vekt på at ei utbygging av Tveiteråni kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa miljøeffektar.

Tveiteråni kraftverk vil nytte eit fall på 170,5 meter i Tveiteråni mellom inntaket på 801 moh. og kraftstasjon på 634,5 moh. Vassvegen på om lag 1700 meter er planlagd nedgraven på heile strekninga.

NVE meiner tiltaket ikkje vil medføre vesentlege negative verknader for biologisk mangfald, landskap og brukarinteresser. Inngrepa i samband med ei utbygging vil ligge relativt skjult i terrenget og i allereie påverka område. NVE har og fastsett ei minstevassføring på 30 l/s heile året.

NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Tveiteråni kraftverk.

Les meir om Tveiteråni kraftverk

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216

Overingeniør Henrik Langbråten, tlf.: 22 95 94 18