NVE gjev Vest-Telemark Kraftlag AS løyve til å byggje nye Gjøv kraftverk i Tverråne i Fyresdal.

I vedtaket har NVE lagt vekt at utvidinga og opprustinga av kraftverket vil ha avgrensa miljøeffektar og at utbygginga ikkje strir mot verneverdiane som er lagt til grunn for vassdragsvernet i Tverråne. Det nye kraftverket vil ta ut noko meir vatn enn det gamle kraftverket, men til gjengjeld vil det bli stilt krav om minstevassføring på 250 l/s heile året på heile utbyggingsstrekninga.

Nye Gjøv kraftverk vil få ein årleg kraftproduksjon på om lag 4,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 225 husstandar.

Sjå kart og les meir om løyve til nye Gjøv kraftverk på nve.no

 

Kontaktpersonar

Seksjonssjef Øystein Grundt,
tlf.: 22 95 93 89 / 901 98 216
oegr@nve.no

Sakshandsamar Brit T. Haugen,
tlf.: 22 95 90 89
bth@nve.no