NVE gjev Skagerak Kraft AS løyve til å bygge Gjuvåa kraftverk i Hjartdal kommune i Telemark. Kraftverket vil produsere om lag 14,1 GWh i året, noko som svarar til straumbruken til 700 husstandar. NVE har også gjeve løyve til linjetilknyting fram til eksisterande nett.

NVE legg vekt på at ei utbygging av Gjuvåa kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med akseptable miljøeffektar, gitt avbøtande tiltak som minstevassøring. NVE meiner tiltaket ikkje vil medføre vesentlege negative verknader for landskap og brukarinteresser.

NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Gjuvåa kraftverk

Les meir om saka