NVE gir Statnett løyve til å byggje ein ny transformatorstasjon på Åsen, og Odda Energi løyve til å utbetre straumnettet mellom Åsen, Tyssedal og Eitrheimsneset i Odda kommune i Hordland fylke.

Statnett får løyve til å byggje ein ny 300(420)/66 kV transformatorstasjon ved eksisterande transformatorstasjon på Åsen. Eksisterande anlegg skal rivast når nytt er sett i drift.

Mellom Åsen og Tyssedal får Odda Energi Nett løyve til å byggje ein ny ca. 4,5 km lang 66 kV dobbeltkurs kraftleidning. Denne erstattar eksisterande 66 kV kraftleidning på same strekning. Odda Energi Nett får òg løyve til å byggje ein ny ca. 4,2 km lang kabelforbindelse frå Tyssedal til Eitrheimsneset, og byte ut eksisterande sjøkablar mellom Kvitur og Eitrheimsneset.

Utbetringane i straumnettet er naudsynte for at den kraftkrevjande industrien i Odda skal kunne utvide sin verksemd. 

NVE gir samstundes Statnett og Odda Energi Nett ekspropriasjonsløyve for å krevje naudsynte grunn og rettar for bygging og drift av dei elektriske anlegga.

NVE set krav om at Statnett og Odda Energi Nett skal utarbeide ein miljø-, transport- og anleggsplan som NVE skal godkjenne før anleggsstart.

Sjå her for meir informasjon og NVE sine vurderingar.