NVE arrangerer offentleg møte om planane for ein ny kraftleidning frå Kjønnagard til Myrkdalen i Voss kommune. Møtet finn stad på Myrkdalen Hotel onsdag 30. november kl. 19.00.

NVE har motteke konsesjonssøknad frå Voss Energi for ein 132 kV kraftleidning frå Kjønnagard til Myrkdalen i Voss kommune, Hordaland. Søknaden er på høyring no. Dokumenta er lagt ut til offentleg gjennomsyn hjå administrasjonen i Voss kommune.

I samband med høyringa held NVE offentleg møte som er ope for alle:

Tid: Onsdag 30. november kl. 19.00

Sted: Myrkdalen Hotel

Voss Energi grunngjev søknaden om løyve til å byggje ny kraftleidning med auka straumbehov, blant anna til Myrkdalen skisenter og Voss fjellandsby, og at det er naudsynt å oppretthalde ein stabil og trygg straumforsyning. Kraftleidningen som planleggast er om lag 11–12 km lang, avhengig av alternativ Det er søkt om to alternative trasear i Vinjedalen og på strekninga  Tryningahaugen - Øyestølane/Helgeland.

Frist for å kome med fråsegn er sett til 21. desember 2016.

 

Dokumenta og nettskjema for innsending av fråsegn er tilgjengelege på NVE sin nettstad.