Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 05.01.2023

Folkemøte om ny kraftleidning mellom Strand, Finnøy og Rennesøy

Lnett ønskjer å bygge ein ny kraftleidning mellom Strand, Finnøy og Rennesøy i Rogaland. NVE inviterer til høyring og folkemøte for å få innspel frå alle partar og informere om prosessen vidare.

Foto: Bjørn Lytskjold/NVE

Lnett har sendt inn ei melding til NVE for å varsle at dei ønskjer å bygge ein 132 kV kraftleidning i dei to kommunane Stavanger og Strand i Rogaland. Leidninga er planlagd frå Strand via Finnøy til Rennesøy. Lnett varslar samstundes at det vert behov for å byggje nye transformatorstasjonar på Tau og Finnøy.

Lnett grunngjev utbygginga med at det er naudsynt å fornye gamle anlegg, auke straumkapasiteten og betre forsyningstryggleiken.

NVE ønsker innspel frå dei lokale

Meldinga frå Lnett gjev ei overordna beskriving av utbygginga, og ei foreløpig vurdering av moglege verknadar for omgjevnadane. Den inneheld òg eit utgreiingsprogram med forslag til tema som Lnett meiner bør utgreiast vidare.

NVE har sendt meldinga og Lnett sitt forslag til utgreiingsprogram på høyring til kommunane som anlegga er planlagd i, og ei rekkje andre høyringsinstansar. Gjennom høyringa ønskjer NVE å få innspel på kva tema og løysingar Lnett må utgreie før dei kan søkje om konsesjon.

Folkemøte på Finnøy og Strand

NVE har sett høyringsfristen til 24. februar 2023. Alle innspel må sendast inn skriftleg. I tillegg inviterer NVE til offentlege folkemøte på Finnøy og Strand, den 17- og 18. januar. Her vil NVE seie meir om prosessen vidare og vår rolle, medan Lnett vil legge fram sine planar. Alle interesserte er velkomne på møta, som haldast på følgjande stadar:

  • Finnøy - tysdag 17. januar kl. 19.00 i Fleirbrukshallen på Judaberg
  • Strand - onsdag 18. januar kl. 19.00 på Nordre Strand Oppvekstsenter på Fiskå

Du finn alle dokument og praktisk informasjon på NVE sine nettsider.

Kontakt

Tanja Midtsian, seniorrådgjevar
tlf. 22 95 94 93