Avslag på utsett frist for idriftsetting for Dalbygda vindkraftverk - NVE

NVE gav i dag avslag på søknad om utsett frist for idriftsetting på Dalbygda vindkraftverk i Tysvær kommune i Rogaland. Dalbygda Vindkraft AS søkte om utsett frist for idriftsetting av Dalbygda vindkraftverk frå 31. desember 2020 til 31. desember 2022 fordi det ikkje er ledig nettkapasitet før tidlegast 2022.

Foto: NVE

NVE gav avslag på bakgrunn av at me ikkje trur det er realistisk å realisera prosjektet før den omsøkte fristen 31.12.2022 då det framleis er avhengig av endeleg konsesjon på ny kraftleidning mellom Ølen – Våg – Bratthammar, nettilknytning frå vindkraftverket til Ølen – Våg – Bratthammar og godkjent detalj- og MTA-plan. NVE har i avslaget lagt avgjerande vekt vurderingar som kjem fram i vårt brev til konsesjonærane datert 27.11.2019. I brevet kjem det fram at: «Dersom anleggene ikke er bygget innen frist for idriftsettelse, kan ikke prosjektet realiseres. Det må søkes ny konsesjon med oppdaterte utredninger med utgangspunkt i dagens teknologi dersom prosjektet ønskes videreført.

Her kan du lese mer om vedtaket på nettsida til konsesjonssaka.