Publisert 10.11.2015 , sist oppdatert 19.06.2026

Mannen

Mannen er eit ustabilt fjellparti som ligger på vestsida av Romsdalen i Rauma kommune, Møre og Romsdal. Øvre del beveger seg med ein hastigheit på omlag 2 cm/år med eit estimert volum på opptil 20 millionar m³. Eit skred fra Mannen vil kunne råke noko busetnad, europaveg E-136 og Raumabanen, og kunne føre til oppdemning av elva Rauma. Om demninga av skredmassar brister kan det bli flaum nedstrøms som vil kunne påverke opptil 1650 innbyggarar i Romsdalen. 

Det årlig nominelle sannsynet for et stort fjellskred frå Mannen er vurdert til å være mellom 1/100 og 1/1000 og risiko for skred er ansett som høg. NVE har difor satt i gang kontinuerlig overvaking av fjellpartiet for å kunne varsle beredskapsaktørane i god tid før eit eventuelt skred utviklar seg. Kommunen er ansvarlege for å varsle befolkninga.  Faresonene for utløpsområdet er basert på detaljert modellering frå NGU, og ligg på NVE si database over fareområder for fjellskred.

Mannen er en del av Børa-Mannen-komplekset som blei  kartlagt av NGU på slutten av 1990-tallet. Periodiske målingar med GPS mellom 2006 og 2008 viste at det var mest bevegelsar i det ustabile fjellpartiet Mannen, og eit permanent overvakingssystem blei etablert. Dette består i dag av GPS-antenner, laserar, strekkstag (ekstensometere), tiltmeter, instrumenterte borehol, geofonar og ein bakkebasert InSAR-radar. I tillegg er der ein vêrstasjon og kamera.

Det eksisterande overvakingssystemet er rekna som tilstrekkeleg for å sikre mot tap av menneskeliv, og oppfyller krav til overvaking etter byggteknisk forskrift (TEK17) § 7-4.

 I 2014 blei det påvist eit svært aktivt, lokalt parti som fekk namnet Veslemannen. Partiet hadde i 2014 årlege bevegelsar i overkant av ein meter. Bevegelsane var sesongavhengige og auka betrakteleg de neste åra frem til Veslemannen til slutt rasa ut 5. september 2019. 

Mannen i fugleperspektiv

Foto: Einar Anda/NVE

Utsikt fra Mannen

Foto: Tore Bergeng/NVE

Oversikt Mannen

Foto: Fjellskredseksjonen/NVE

Faresoner Mannen. Kart: NVE
Faresoner Mannen. Kart: NVE
Måleutstyr på Mannen. Foto: Tore Bergeng/NVE
Måleutstyr på Mannen. Foto: Tore Bergeng/NVE
Kilde: Nasjonal database for ustabile fjellparti, NGU
Kilde: Nasjonal database for ustabile fjellparti, NGU