Kva er kvikkleire?
Kvikkleire er opphavleg leirpartiklar som er avsett i sjøvatn. Leirpartiklane er små, lette og ofte relativt flate. Saltet i sjøvatnet bind leirpartiklane saman ved hjelp av elektriske ladningar (+ og -). Dette resulterer i at kantane på dei flate leirpartiklane blir tiltrukke av kvarandre ("fnokking") og bunde saman i sterke bindingar. Det blir danna ein korthusstruktur av leirpartiklane, som innesluttar vatn (1).
Landheving etter siste istid har ført til at den marine leira har kome opp på land. Under gitte forhold kan ferskt grunnvatn strøyme gjennom denne leira. I løpet av fleire tusen år vaskar ferskvatnet gradvis ut det salte porevatnet mellom leirpartiklane. Bindingane mellom partiklane blir dermed svekka, og vi får danna kvikkleire i lag eller lommer i den marine leira (2).
Kva er kvikkleireskred?
Kvikkleira er i utgangspunktet fast og toler stort trykk i vertikal retning, men om leira blir utsett for overbelastning kan strukturen klappe saman og leirpartiklane vil flyte i frigjort vatn (3). Resultatet blir eit kvikkleireskred. Kvikkleireskred kan forplante seg raskt bakover og sidevegs, og berøre store områder. Dei held fram å forplante seg helt til kvikkleirelomma er tømt, eller det oppstår ei likevekt på grunn av skredmassane som fyller gropa. Leire etter eit skred kallast omrørt leire. Då ligg leirpartiklane oppå kvarandre, med mindre holrom, i ein tettare og meir stabil struktur (4).
Kvifor løysast kvikkleireskred ut?
Det er to hovudårsakar til at kvikkleire blir overbelasta og kvikkleireskred løysast ut:
1) naturlege årsakar som graving fra bekkar og elvar (erosjon) eller,
2) menneskelege tiltak som utgravingar i botn av skråningar, utfyllingar på topp av skråningar og andre terrengbelastningar som kan forverre stabiliteten.
I områder med busetnad vil kvikkleireskred gi stor fare for tap av menneskeliv og store materielle verdiar. Skadar kan oppstå både i område som glir ut og i områder som blir oversvømt av skredmassar.