Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 28.09.2022

Vassmagasinstatistikk veke 38 2022

Ved utgangen av veke 38 var fyllingsgrada i norske magasin 67,9 prosent.

Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 83,1 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 0,3 prosenteiningar.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (prisområde 4) med 88,5 prosent, mens Sørvest-Noreg (prisområde 2) hadde lågast fylling med 50,6 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 38, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.