Vassmagasinstatistikk veke 10 2020 - NVE

Fyllingsgraden nærmar seg 50 prosent. Ved utgangen av veke 10 var fyllinga i norske magasin på 50,1 prosent.

Magasinfyllinga gjekk ned med 2,7 prosenteiningar frå veka før.

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2000-2019 er 44,0 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Aust-Noreg (Elspotområde 1) med 38,7 prosent, medan Sørvest-Noreg (Elspotområde 2) hadde høgast fylling med 61,9 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 10, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.