Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 21.02.2018

Kraftsituasjonen veke 7 2018

Lågare forbruk

I førre veke var forbruket i heile Norden lågare samanlikna med veka før. Dette bidrog til ein nedgang i kraftprisen i alle dei nordiske prisområda, med unntak av Nord-Noreg. Her auka prisane, men var likevel lågare enn resten av Norden.

Etter årsskiftet har dei langsiktige kraftprisane for Norden stige, medan dei tyske har falle. Magasinfyllinga har etter nyttår falle raskare enn normalt, og varsel om langvarig kulde kan forklare noko av oppgangen i Norden. Kolprisane har falle sidan nyttår og har medverka til nedgangen i Tyskland.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 7 her

 

Kontaktperson

Overingeniør Christer Heen Skotland

Tlf: 975 45 450