Publisert 16.02.2022

Kraftsituasjonen veke 6, 2022

Mildt vêr og lågare kraftprisar i Norden

Mildt vêr bidrog til at forbruket i både Noreg og Norden fall frå veka før. I Noreg var forbruket 9 prosent lågare enn gjennomsnittet for veka dei siste 5 åra. Norsk kraftproduksjon gjekk ned med 7 prosent frå veka før, hovudsakeleg grunna lågare vasskraftproduksjon. Periodar med mykje vind i naboland og lågare forbruk bidrog til produksjonsnedgangen.

Kraftprisane fall i alle dei nordiske prisområda samanlikna med veka før. Prisane var lågast nord i Noreg (NO3 og NO4) og Sverige (SE1 og SE2) med ein gjennomsnittleg vekepris på om lag 13 øre/kWh. Dette er over 70 prosent lågare enn tilsvarande veke i fjor. Meir vindkraft, lågare forbruk og flaskehals mellom nord og sør bidrog til dei låge prisane. Vekeprisen sør i Noreg var nesten ti gonger så høg som i nord og var i snitt 120 øre/kWh.

Kapasiteten på kabelen mellom Noreg og Storbritannia auka til 1050 MW i starten av førre veke og er venta å auke til full kapasitet (1400 MW) 15. mars. Den tilgjengelege kapasiteten blei i stor grad brukt til eksport. Men meir import enn eksport på forbindelsane frå Danmark, Sverige og Midt-Noreg bidrog likevel til at Sør-Noreg (NO1, NO2, NO5) for tredje veke på rad var nettoimportør av kraft.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 6 2022 (PDF) 

Vassmagasinstatistikk

Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 1,8 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2002-2021 er 53,3 prosent. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 59,8 prosent, mens Aust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 33,1 prosent.

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

Kontaktperson

Rådgiver Silje Jelsness
Epost: sitj@nve.no