Storm i Nord-Noreg og auka norsk vasskraftproduksjon.

Ekstremveret «Ylva» slo inn for fullt over Nordland og Troms torsdag førre veke. Statnetts kraftleidningar gjennom Nordland vart spesielt hardt ramma av stormen. Dette skapa problem for kraftproduksjonen i Nord-Noreg, og mellom anna var Kobbelv kraftverk (300 MW) isolert i nettet fram til fredag morgon.

Den største kjernekraftreaktoren i Norden, Oscarsham 3, var utilgjengeleg heile førre veke på grunn av brenselskifte. I tillegg gjekk den nordiske vindkraftproduksjonen noko ned, medan det nordiske forbruket auka som følgje av kaldare vêr. Dette medverka til auka etterspurnad etter norsk vasskraftproduksjon som auka med om lag 10 % samanlikna med veka før.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 47 her. (PDF)