Publisert 10.11.2021

Kraftsituasjonen veke 44, 2021

Låg vindkraftproduksjon på kontinentet bidrog til auke i norsk nettoeksport

Vindkraftproduksjonen i Norden og på kontinentet var særs låg i midten av førre veke. I denne perioden hadde Noreg høg vasskraftproduksjon og utnytta nesten all tilgjengeleg utvekslingskapasitet mot utlandet til eksport. Mot slutten av veka auka vindkraftproduksjonen og Noreg blei nettoimportør av kraft i helga. Samanlikna med veka før, auka norsk nettoeksport med 23 prosent.

Kraftprisane i det sørlege Noreg har vore vedvarande høge i mange veker i år, blant anna grunna dei høge kraftprisane i Europa. I veke 44 auka kraftprisen i dei sørlege prisområda i Noreg (NO1, NO2, NO5) med 5 prosent, og enda på mellom 84 og 85 øre/kWh. Lågare temperaturar, høgare forbruk og lite vind bidrog til auken i kraftprisane. Vekeprisen i Midt- og Nord-Noreg var på høvesvis 15,1 og 14,7 øre/kWh, som framleis er dei lågaste kraftprisane i Norden.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 44 2021 (PDF)

Vassmagasinstatistikk
Framleis auke i fyllingsgrada. Ved utgangen av veke 44 var fyllingsgrada i norske magasin 72,2 prosent. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga opp med 0,8 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 83,6 prosent. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (NO4) med 83,0 prosent, mens Sørvest-Noreg (NO2) hadde lågast fylling med 63,7 prosent. Les meir om Vassmagasinstatistikk her.

Kontaktperson

Avdelingsingeniør Hege Bruvik Kvandal
Epost: hekv@nve.no