Publisert 04.11.2020

Kraftsituasjonen veke 44, 2020

Mildare vêr og ytterlegare fall i kraftprisane

Dei norske kraftprisane fall ytterlegare i veke 44, og den gjennomsnittlege vekesprisen i Noreg var 11,3 øre/kWh. Dette er om lag 70 prosent lågare enn same veke i fjor. Mildare vêr, lågare forbruk og mykje vatn i magasina er blant årsakene til den låge kraftprisen. I tillegg var det periodar med mykje vind førre veke, som gav svært låge prisar i blant anna Sverige, Danmark og Tyskland. Dette gav fleire timar med import av billig kraft frå nabolanda, noko som medverka til prisfallet i Noreg.

Den norske kraftproduksjonen fall meir enn forbruket samanlikna med veka før, men Noreg var fortsett nettoeksportør av kraft i veke 44. Nettoeksporten var likevel lågare enn på lenge.

Last ned ukas kraftsituasjonsrapport her

Kontaktpersonar

Førstekonsulent Silje Jelsness

Epost: sitj@nve.no