Høgare kraftproduksjon.

Kraftproduksjonen i Noreg gjekk opp med litt under 10 prosent i førre veke. Mest auka produksjonen i Sør-Noreg. Varslar om meir regn i område med allereie fulle vassmagasin, gjorde at produksjonen gjekk opp for å gjere plass til vatnet. Kraftproduksjonen i Sverige gjekk òg opp med 10 prosent. Det heng saman med at planlagt vedlikehald i kjernekraftverka Forsmark og Oskarshamn vart ferdig i veke 42.

Høgare kraftproduksjon frå kjerne- og vasskraft bidrog til at kraftprisen i dei fleste nordiske elspotområda gjekk noko ned. Unntaket var Danmark, som hadde ei prisauke på 10 prosent.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 42 her. (PDF)