Publisert 31.08.2022

Kraftsituasjonen veke 34, 2022

Låg kraftproduksjon og låg nettoeksport for årstida frå sørlege Noreg

Kraftprisane auka ytterlegare i store delar av Nord-Europa førre veke. Vekeprisen i Sørvest-Noreg var på 550 øre/kWh, 22 prosent høgare enn veka før. Kraftprisen i landa Sørvest-Noreg har overføringsforbindingar til var enno høgare, og sørlege Noreg var nettoeksportør av kraft gjennom veka. Nettoeksporten* frå sørlege Noreg var framleis låg for årstida, samanlikna med dei ti siste åra. Auken i kraftprisane følgde av at gassprisen gjekk ytterlegare opp førre veke. Høgare gasspris bidrog òg til ein kraftig auke i terminmarknaden for kraft. Terminprisen for tysk kraft med levering første kvartal 2023 vart nesten dobla samanlikna med veka før.

Kraftproduksjonen i sørlege Noreg er for tida på eit lågt nivå. I Sørvest-Noreg (NO2) gjekk produksjonen litt opp i veka som var, grunna ein auke i produksjonen av vindkraft.

Etter ein periode med vedlikehald på utvekslingslinja mellom Midt-Noreg (NO3) og Nord-Noreg (NO4) auka overføringskapasiteten mellom desse områda med 500 MW i veka som gjekk. Dette bidrog til ein liten auke i kraftprisen i Nord-Noreg. I Midt-Noreg fall vekesprisen med 58 prosent frå veka før, noko som også skuldast  ein auke i vindkraftproduksjon.

Kabelen mellom Noreg og Nederland, NorNed, har vært ute sidan mai grunna ein feil. Kabelen skulle etter planen vere tilbake med full kapasitet 01.09, men basert på oppdaterte marknadsmeldingar, kjem den ikkje tilbake i drift før 01.10.

* Nettoeksport er produksjon minus forbruk. Nettoeksporten for sørlege Noreg og Midt- og Nord-Noreg inkluderer derfor kraftflyten mellom Midt-Noreg og sørlege Noreg.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 34 2022 (PDF).

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg
Det er 10 produsenter i sørlige Norge som sender inn rapporter med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data fra 63 kraftverk i disse rapportene. Disse kraftverkene har en samlet magasinkapasitet på 43,7 TWh, noe som utgjør 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlige Norge.

Last ned rapporteringen fra produsentene for veke 34 2022 (PDF).

Vassmagasinstatistikk 

Ved utgangen av veke 34 var fyllingsgrada i norske magasin 69,1 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 81,1 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 0,2 prosenteiningar. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (NO4) med 92,4 prosent, mens Sørvest-Noreg (NO2) hadde lågast fylling med 50,5 prosent.

Les meir om vassmagasinstatistikk her.

Kontaktperson

Førstekonsulent Erlend Aarskaug Rud
Epost: eaar@nve.no