Publisert 01.09.2021

Kraftsituasjonen veke 34, 2021

Høge kraftprisar i sørlege Noreg

Den gjennomsnittlege vekeprisen i sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5) vart 85 øre/kWh førre veke, ein auke på om lag 11 prosent jamført med veka før. Auke i kraftprisen på kontinentet og lågt tilsig i Noreg bidreg til dette. Ein må tilbake igjen til vinter 2010 og 2011 for å finne like høge vekeprisar i statistikken.

I Midt-Noreg (NO3) og Nord-Noreg (NO4) vart den gjennomsnittlege vekeprisen 54,3 øre/kWh. Auka eksportkapasitet ut av Nord-Noreg (NO4), samstundes med at fleire vasskraftverk var ute til vedlikehald bidrog til ei auke i kraftprisen i Nord-Noreg førre veke. Dette bidrog til at prisskilnadene mellom dei nordlegaste prisområda i Noreg og Sverige forsvann.

Grunna planlagt vedlikehald vart kabelen til Nederland ut av drift førre veke og er forventa tilbake i uke 37.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 34 2021 (PDF)

Kontaktperson

Avdelingsingeniør Martin Haug

Epost: mhau@nve.no