Kraftsituasjonen veke 29, 2020 - NVE

Redusert kraftetterspurnad og auke i utvekslingskapasitet

Ein reduksjon i kraftetterspurnaden i alle dei Norske prisområda i førre veke tyder på at sommarferien er godt i gong. Trass lågare forbruk auka kraftproduksjonen i Noreg med tre prosent. Dette har blant anna si årsak i høgare eksportkapasitet frå Noreg. Etter ein periode med redusert eksportkapasitet er nå overføringa til Nederland tilbake med full eksportkapasitet. Saman med auken i eksportkapasitet på Skagerak-overføringa i veke 28 er no eksportkapasiteten frå Sør- og Aust-Noreg opp mot 70 prosent av installert kapasitet.

Ei anna viktig årsak til auken i eksport var at kraftprisane gjennom heile førre veke var høgare i resten av Norden og nord på kontinentet. Auken i kraftpris har blant anna samanheng med at det var relativt låg vindkraftproduksjon førre veke.

I veka som gjekk var kraftprisane i Sør- og Aust-Noreg 1,6 øre/kWh i gjennomsnitt. Til samanlikning låg den gjennomsnittlege vekeprisen i Midt- og Nord-Noreg på 3,8 øre/kWh. Skilnaden mellom prisområda har samanheng med at Midt- og Nord-Noreg tettare følgjer Nord-Sveriges kraftprisar.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 29 her.