Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 14.07.2021

Kraftsituasjonen veke 27, 2021

Auke i kraftprisane i store delar av Norden

Gjennomsnittleg vekepris på Vest- og Øst-Noreg (NO5 og NO1) auka 11,5 prosent og følgde Sør-Sverige i stor grad gjennom veka. Kraftprisen i desse områda er no meir lik nivået til Sørvest-Noreg (NO2). Midt-Noreg (NO3) hadde noko lågare pris store delar av veka, men hadde enkelte timar torsdag med kraftpris opp mot 100 øre/kWh. Kraftprisen i Nord-Noreg (NO4) held seg relativt lik og er framleis lågast i Norden med ein gjennomsnittleg vekepris på 22,4 øre/kWh.

Perioden med særs høge timeprisar i Midt-Noreg samanfall med låg vindkraftproduksjon og høge kraftprisar i Nord-Sverige (SE2). Fredag auka importkapasiteten til Midt-Noreg frå Nord-Noreg, noko som bidrog til at Midt-Noreg ikkje fekk like høge kraftprisar som Nord-Sverige fredagen.

Auka i kraftprisane i Sverige har mellom anna si årsak i periodar med låg vindkraftproduksjon og redusert kjernekraftproduksjon. I tillegg bidreg redusert eksportkapasitet ut av Sør-Sverige (SE4) mot kontinentet og Baltikum til høgare kraftprisar. Redusert eksportkapasitet fører til mindre flaskehalsar mellom SE3 og SE4. Dette bidrog til at dei høge kraftprisane i Sør-Sverige (SE4) i større grad påverkar kraftprisen til prisområda nord for Sør-Sverige (SE4).

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 27 2021 (PDF).

Kontaktperson

Overingeniør Lars Eirik Eilifsen
E-post: laee@nve.no