Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 07.07.2021

Kraftsituasjonen veke 26, 2021

Høgare kraftprisar og rekordhøg CO2-kvotepris

Kraftprisane i Norden og nord på kontinentet auka ytterlegare førre veke. I Noreg hadde framleis Sørvest-Noreg (NO2) den høgaste vekeprisen på 61 øre/kWh. Kraftprisane nord på kontinentet var enda høgare, og var i fleire land over 90 øre/kWh. Låg vindkraftproduksjon og rekordhøg CO2-kvotepris er blant årsakene til dette.

Avgrensingane i eksportkapasiteten ut av Nord-Noreg (NO4) heldt fram førre veke, og bidrog til at vekeprisen der var 22 øre/kWh. Dette er om lag 20 øre/kWh lågare enn kraftprisen i dei omkringliggande prisområda Midt-Noreg (NO3) og Nord-Sverige (SE1 og SE2). Det er venta at tilgjengeleg eksportkapasitet ut av Nord-Noreg vil auke noko i veke 27.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 26 2021 (PDF)

Kontaktperson

Rådgiver Silje Jelsness

E-post: sitj@nve.no