Kraftsituasjonen veke 23, 2020 - NVE

Lågaste kraftpris over eit døgn nokon gong

Kraftprisen i Noreg sank ytterlegare førre veke og låg i snitt på 3,03 øre/kWh. Bakgrunnen for den
låge prisen er samansett, men ein viktig grunn er at det er særs mykje snø for årstida, noko som gir
eit stort hydrologisk overskot i form av lagra energi. Dette gjer at mange vasskraftverk produserer
straum trass låge prisar, for å unngå overlaup av magasina når snøen smelter.

På laurdag var kraftprisen i Sør- og Vest-Noreg på berre 1,46 øre/kWh, noko som er den lågaste
gjennomsnittlege prisen over eit døgn nokon gong i Noreg. Høg vindkraftproduksjon i Sverige og
nord på kontinentet bidrog då til å redusere prisen.

Det var redusert kapasitet på fleire overføringar mot utlandet førre veke. I store delar av tida
eksporterte Noreg kraft tilsvarande tilgjengeleg kapasitet på overføringane, noko som tyder på at
eksporten hadde vore enno høgare om meir kapasitet var tilgjengeleg.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 23, 2020 her.