Auka straumforbruk.

Lågare temperaturar og normal arbeidsveke medverka til at straumforbruket i Norden gjekk opp
5 prosent i veke 2. Forbruksauken vart dekka av både produksjon og nettoimport.

Både Noreg og Norden har hatt nettoimport i årets to første veker. Høg vindkraftproduksjon i Norden og Tyskland har bidrege til dette.

Kraftprisane i Norden vart meir like i førre veke samanlikna med veka før. Prisane i Noreg gjekk litt ned, medan prisane i dei andre nordiske landa gjekk opp.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 2 2019 her. (PDF)