Publisert 20.04.2022

Kraftsituasjonen veke 15, 2022

Låg vindkraftproduksjon og prisauke i fleire nordiske prisområde

Vedvarande uro i energimarknadane bidreg til store variasjonar og høg uvisse rundt både kraftprisane og brenselsprisane for tida. Russland sin invasjonen av Ukraina og uvisse rundt konsekvensar av dette kan ha store utslag på prisane i energimarknadane framover.

Vindkraftproduksjonen fall betrakteleg i heile Norden, og på kontinentet, i veka som gjekk. Dette bidrog til prisauke i fleire nordiske prisområde. Låg vindkraftproduksjon bidrog til at kraftprisen i Midt-Noreg (NO3) auka, og låg på eit høgare nivå  enn prisen i Nord-Noreg (NO4) store delar av veka. I enkelte timar vart prisen i Midt-Noreg med opp på nivå med prisen i dei sørlege norsk prisområda (NO1, NO2 og NO5). Dette bidrog til at Midt-Noreg fekk den høgaste vekeprisen hittil i år, på 60,8 øre/kWh. Flaskehalsar ut av  Nord-Noreg (NO4) bidrog til at kraftprisen her heldt seg på eit lågt nivå gjennom veka.

Den gjennomsnittlege kraftprisen for sørlege Noreg var 172 øre/kWh, ei lita auke frå veka før. I starten av veka ga høge kraftprisar i naboland auka eksport av kraft frå sørlege Noreg. Den auka eksporten vart hovudsakleg dekt av auka vasskraftproduksjon.

Mot helga bidrog lågare kraftprisar i naboland til periodar med import til sørlege Noreg. Dei låge kraftprisane i helgen har si årsak i lågare forbruk i samband med heilagdagane, både i Norden og på store delar av kontinentet.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 15 2022 (PDF)

Vassmagasinstatistikk

Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 33,3 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 2,1 prosenteiningar. Nedgang i medianen for veka er 1,3 prosenteiningar.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (NO4) med 41,6 prosent, mens Aust-Noreg (NO1) hadde lågast fylling med 8,1 prosent.

Les meir om vassmagasinstatistikk her

 

Kontaktperson

Ingvild Vestre Sem
Epost: ivs@nve.no