Kraftsituasjonen veke 14, 2023
Lågare kraftforbruk i påskeveka
Mildare vêr og ferieavvikling bidrog til lågare kraftetterspurnad i Norden sist veke. I Noreg gjekk kraftforbruket ned med 14 prosent samanlikna med veka før. Mindre vind i både Norden, Tyskland og Storbritannia bidrog likevel til at kraftprisane auka frå veke 13 til veke 14.
Produksjonsnedgangen i landa rundt oss medverka til at norsk vasskraftproduksjon gjekk opp, spesielt i Sørvest-Noreg (NO2). Saman med lågare forbruk, gjorde dette at norsk nettoeksport gjekk opp frå 27 GWh i veke 13 til 553 GWh i veke 14.
Den gjennomsnittlege kraftprisen i sørlege Noreg var på 124 øre/kWh i veke 14, medan prisen i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) låg på høvesvis 84 og 38 øre/kWh.
Rapporteringa frå produsentane i sørlege Noreg utgår denne veka grunna påskeferie.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 14, 2023 (PDF)
Vassmagasinstatistikk
Ved utgangen av veke 14 var fyllingsgraden i magasina i Noreg på 30,8 prosent. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 2,7 prosenteiningar. Les meir om vassmagasinstatistikk her.