Publisert 07.04.2021

Kraftsituasjonen veke 13, 2021

Kraftoverskot i Norden

I påskeveka gjekk forbruket ned i heile Norden. Saman med høg vindkraftproduksjon bidrog dette til lågare kraftprisar. Den gjennomsnittlege kraftprisen i Noreg var 28,9 øre/kWh. Dette er ein reduksjon på 12 prosent samanlikna med veka før.

Kraftproduksjonen gjekk ned førre veke, og Noreg var nettoimportør av kraft. Sverige produserte derimot mykje vindkraft, noko som bidrog til at Norden hadde den høgaste nettoeksporten over ei veke hittil i år.

NorNed-kabelen var tilbake i drift tysdag førre veke, etter å ha vore ute sidan januar. Samstundes var NordLink-kabelen tilbake på onsdag same veke, etter nokre dagar ute grunna både planlagt vedlikehald og feil.

 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 13 2021 (PDF)

Kontaktpersonar

Avdelingsingeniør Hege Bruvik Kvandal
Epost: hekv@nve.no

Seksjonssjef Åsmund Sunde Valseth
Epost: aasv@nve.no