NVE har sikra Årsetelva etter flaumen i 2019 - NVE

Den 31. juli 2019 førde styrtregn  til alvorlege skred- og flaumhendingar i Jølster. NVE har det siste året gjennomført ei rekke krise- og hastetiltak i Jølster. I dag overleverte vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund i NVE  sikringa av Årsetelva til Sunnfjord kommune.

Før og etter: Årsetelva etter flaumen 30. juli 2019, og med ferdige sikringstiltak juni 2020

NVE har støtta  Sunnfjord kommune i å bygge sikringsanlegg i Årsetelva. Overleveringa vart markert med ei felles synfaring.

- Flaumen i juli i fjor var alvorleg og skremmande, og fekk tragisk utgang. No er over 60 bustader og fleire næringsbygg her i Vassenden sikra for framtida mot denne typen hendingar. Det betyr ein tryggare kvardag for folk som bur og arbeider her, seier vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund.

Krisetiltak etter juliflaumen i Jølster

Voldsomme, lokale regnbyger på ettermiddagen 30. juli 2019 førte til jordskred, lokale oversvømmingar, store skader, stengte vegar og evakueringar på Vestlandet. Ved Vassenden i Jølster ble det registrert 33 mm nedbør/time. 

- Kommunane Jølster og Førde vart hardast ramma, og ein mann omkom da ein bil ble tatt av ras. Det vart registrert 30 skred mot veg og busetnad, seier Siss-May Edvardsen, fungerande regionsjef i NVE.

- Utan sikringstiltaka som allereie var bygd i området, meiner vi at skadeomfanget hadde vore enda større, seier Edvardsen.

NVE hadde maskiner i området dagen etter. Dei første tiltaka handla om skadebegrensing, å opne vassvegar og få elvar attende til opphavleg elveløp. Dag 2 var det eit oppstartsmøte for å planlegge krisetiltak for å sikre bygningar og infrastruktur. Bygging blei gjort parallelt med prosjekteringa. 20.09.2019 vart det heldt eit folkemøte for å presentere planar og framdrift.

Ei rekke tiltak i Årsetelva

Dei ferdige sikringsanlegga i Årsetelva består av ei rekke ulike tiltak - reparasjon av eksisterande ledevollar, grøftar og elveløp, og bygging av nye ledevollar, nye elveløp og ny bru. Det er utført arbeid i meir enn 1 km elvestrekning etter flaumen. Tiltaka sikrar 64 bustader, 4 næringsbygg, ein pleieheim og offentlege og private veger.

NVE har nasjonalt ansvar for flaum- og skredfare

NVE har det nasjonale ansvaret for flaum- og skredfare. NVE støtter kommunane med kartlegging, sikring og arealplanlegging.

- Det er ein sentral del av NVE sitt samfunnsoppdrag å bidra til å redusere risiko mot flaum og skred. Vi må rekne med at når klimaet endrar seg vil vi få fleire skred og flaumar utløyst av styrtregn i landet vårt. Det aller viktigaste forebyggande tiltaket er god arealplanlegging, som hindrar utbygging i områder med for stor fare. Vi bør også bruke større ressursar på sikringstiltaka. Men noko flaum- og skredskade må vi fortsatt leve med, seier Lund.