NVE legg fram “Veileder i personellsikkerhet for kraftforsyningen”
Personellsikkerheit har under det gjeldande trusselbiletet fått ekstra aktualitet. Samstundes manglar Kraftberedskapsforskrifta detaljerte reglar. NVE har derfor gitt ut ein rettleiar i personellsikkerheit.
Rettleiaren er gitt i ut i samarbeid med konsulentselskapet Advansia, og tek utgangspunkt i dagleg sikkerheitsstyring. Målet med rettleiaren er å bidra med konkrete tiltak til verksemdene i kraftforsyninga.
Det er viktig at personellsikkerheit vert handtert i alle ledd i verksemda, og at det ikkje kun er ei sikkerheitsutfordring. NVE håpar at både sikkerheitspersonell, HR-personell og personalleiarar kan få nytte av rettleiaren.
Ønskjer tilbakemelding
NVE ønskjer tilbakemeldingar på kva som fungerer og kva som ikkje fungerer i rettleiaren, slik at vi kan ta med oss dette i framtidig revisjonsarbeid.
Ta gjerne kontakt eller send e-post til nve@nve.no merka med saksnummer 202400229, med forslag til endringar, ris eller ros.