Publisert 26.08.2022 , sist oppdatert 29.08.2022

Statnett får løyve til jordkabel i Øygarden og sjøkabel over Fensfjorden

NVE har gjeve Statnett konsesjon til å utvide kapasiteten på den noverande jordkabelen i Øygarden kommune. Dei har og fått løyve til å legge sjøkabel over Fensfjorden.

Foto: Stig Storheil/NVE

Det er forventa ein stor auke i straumbruk i Bergen og omland. Statnett gjer no fleire tiltak for å tryggje forsyninga i dette området, mellom anna å byggje dei nye kablane som no får konsesjon.   

Her skal kablane byggast 

Statnett SF har fått løyve til å byggje ein 420 kV jordkabel mellom Solsvik og Nordre Blomøy i Øygarden kommune. Tiltaket vil gje auka kapasitet i straumnettet. På Solsvik og Nordre Blomøy skal det og byggjast nye muffehus (der luftleidninga går over til jordkabel).  

I 1994 vart det vedteke å byggje jordkabel på denne strekninga, til trass for at jordkabel berre skal brukast unntaksvis grunna svært høge kostnadar. Ved ein utviding av kapasiteten er det etter NVE sitt syn rasjonelt å gi løyve til å behalde kabel, sjølv om dette er dyrare enn ein luftleidning. Årsaka til det er at NVE meiner at vurderingane frå 1994 framleis er gjeldande. 

Statnett fåòg løyve til å leggje to sjøkablar over Fensfjorden mellom Mongstad og Iledalsvågen i Alver, Gulen og Masfjorden kommunar. Dei to nye sjøkablane kjem i tillegg til dei som er der fra før. Dagens muffehus på Mongstad og Iledalsvågen skal samtidig utvidast. 

NVE har gitt Statnett ekspropriasjonsløyve for bygging og drift av dei nye kablane. 

Vilkår for utbygginga 

NVE meiner tiltaka er naudsynte og at det vil vere få ulemper ved tiltaka i driftsfasen samanlikna med i dag. Under anleggsfasen kan ulempene avbøtast på ein god måte. 

Statnett skal utarbeide miljø-, transport- og anleggsplanar før arbeida kan starte. NVE har og sett vilkår for utbygginga som skal redusere dei negative verknadene for innbyggjarar og natur. 

Dette er mellom anna vilkår for å tryggje kulturminne og kystlynghei, sikre vassforsyning, hindre spreiing av framande artar, sikre gyteplassar for torsk og ikkje hindre fiske. 

Les meir om Øygardskabelen og Fensfjordkabelen.

Kontakt

Lisa V. Hammer, seksjonssjef
tlf. 41 90 65 23 
 
Tor Carlsen, sakshandsamar  
tlf. 45 73 84 08