Løyve til Øvre Kvemma kraftverk

NVE gjev Lærdal og Aurland Grønnkraft AS løyve til å byggje Øvre Kvemma kraftverk i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket vil produsere om lag 18 GWh i eit middels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 900 husstandar.

Øvre Kvemma kraftverk vil nytte eit fall på 347 meter i elva Øvre Kvemma mellom inntak 775 m.o.h. og kraftstasjon 428 m.o.h., rett ovanfor utløp i Lærdalselvi. Vassvegen vil i hovudsak liggje i tunnel, men nedgraven i nedre del.

NVE legg vekt på at ei utbygging av Øvre Kvemma kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa miljøeffektar. Det vil vere nokre ulemper for naturmangfaldet i og langs elva. Med slepp av minstevassføring vil desse ulempene etter vårt syn vere akseptable.

Med god planlegging for anlegget og gjennomføring av bygginga, meiner NVE at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for allmenne og private interesser. Vi gjev difor løyve til Øvre Kvemma kraftverk på nærare fastsette vilkår.


Les meir om Øvre Kvemma kraftverk

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt,
tlf. 90 19 82 16/22 95 93 89

Rådgjevar Kirsten Marthinsen,
tlf. 22 95 92 34