Publisert 14.03.2022

Lede får løyve til å oppgradera kraftleidning i Skien og Nome

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir Lede løyve til å oppgradera kraftleidninga Bolvik-Vrangfoss mellom Klyvekollen og Vrangfoss transformatorstasjon, i kommunane Skien og Nome. Lede får òg løyve til å utvide ryddebeltet frå 12 til 30 meter.

 

 

Dagens 132 kV Bolvik-Vrangfoss ved Heisholt, Ulefoss. Kraftleidninga skal rivast og ny byggjast lenger vest og utanom bustadområda. (Foto: Lede).

Den eksisterande kraftleidninga mellom Bolvik og Vrangfoss er frå 1961 og i dårleg teknisk stand. For å tryggje straumforsyninga i Midt-Telemark er det naudsynt å fornye leidninga og utvide ryddebeltet.

Lede har difor fått løyve til å oppgradera kraftleidninga mellom Klyvekollen og Vrangfoss, på om lag 24 kilometer. Dagens leidning skal rivast og erstattast av nye mastar. Unntaket er dei delane av kraftleidninga som allereie er oppgradert med stålmaster, og ikkje har behov for utbetring.

Her skal kraftleidninga byggjast

Den nye kraftleidninga vil for det meste byggjast i same trasé som dagens leidning, som skal rivast. Mellom Håtveit og fylkesvei359 skal leidninga byggjast etter alternativ vest, og dermed gå utanom bustader og dyrka mark. Ved Vrangfoss skal leidninga byggjast etter alternativ nord, som har størst avstand til Vrangfoss sluser.

I tillegg til at det er naudsynt å bytte ut mastene, er dagens ryddebelte på 12 meter for smalt. For å redusere sjansen for trefall på leidninga, er det behov for å auke bredda på ryddebeltet til 30 meter.

NVE har òg gitt Lede ekspropriasjonsløyve for bygging og drift av den nye leidninga.

Omsyn til innbyggjarar og natur

Lede skal utarbeide ein miljø-, transport- og anleggsplan før arbeida kan starte. NVE har satt vilkår for utbygginga, som skal redusere dei negative verknadene for innbyggjarar og natur.

Det er mellom anna sett vilkår for å avgrense skogrydding og tryggje kulturminne. Før bygginga kan starte skal planen drøftast med grunneigarar og kommunane.

Meir informasjon om saka finn du her.

Kontakt

Seksjonssjef
Lisa V. Hammer
Tlf. 22 95 90 33

Sakshandsamar
Øistein Løvstad
Tlf. 22 95 93 67