Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 11.04.2022

Får ikkje løyve til å bygge kraftverk i Sunndal

Etter NVE sitt syn vil utbygging av eit kraftverk i Smisetfossen vere i strid med verneverdiane i det verna Ålvundvassdraget. NVE gir derfor NEAS AS avslag på søknaden om utbygginga i Sunndal kommune.

Smisetfossen i Sunndal kommune (foto: Tord Solvang/NVE)

NEAS AS har søkt om løyve til å byggje Smisetfossen kraftverk, og utnytte fallet i Smisetfossen i Ålvundelva til kraftproduksjon. Smisetfossen ligg i Sunndal kommune i Møre og Romsdal og har eit fall på 17 meter. Kraftverket ville gitt ein årleg produksjon på omlag 4 GWh.

Får avslag på grunn av verneverdiar

Ålvundelva er eit verna vassdrag, omfatta av verneplan 1 av 1973. NVE meiner at utbygging av dei omsøkte planane vil gi Smisetfossen eit tydeleg preg av kraftutbygging. Eit kraftverk hadde både resultert i omfattande fysiske inngrep og mindre variasjon i vassføringa. NVE meiner følgjeleg at utbygginga vil vere i strid med verneverdiane i vassdraget. NEAS AS får derfor ikkje løyve til å byggje Smisetfossen kraftverk.

Les meir her.

Kontakt

Henrik Hveding, sakshandsamar
tlf: 22 95 94 32