Skred- og vassdragsavdelinga sitt arbeid med klimatilpassing

 

Klimaendringar vil virke på flaum- og skredaktiviteten i Norge. NVE har det overordna ansvaret for dei statlige forvaltningsoppgåvene innan førebygging av flaumskader og skredulykker. Ein vesentleg del av NVE sitt klimatilpassingsarbeid vert utført gjennom dei daglege forvaltningsoppgåvene. Skred- og vassdragsavdelinga skal bidra med informasjon om klimaendringar og gje bistand til klimatilpassing innan ulike arbeidsområder.

 

Kartlegging

Kartlegging i NVE

NVE tek omsyn til klimaendringar ved ajourføring og ny kartlegging av flaum- og skredutsette områder. Frå 2011 har NVE teke omsyn til klimaframskrivingar i flomsonekarta. Bilete er av flaumsonekartet frå Naustdal (2012) som viser flaumdekt areal ved en 200-årsflom i dag, og i år 2100. NVE prioriterer å kartlegge skredfare i bratt terreng i dei landsdelane der det er forventa auke i  hyppigheita av ulike skredtypar, som flomskred og jordskred.

Flomsonekart for Naustdal, med 200-årsflommen i dag og i år 2100.

Les meir:

Rettleiar for kartlegging av flaumfare langs bekker.

Det vert forventa at klimaendringane vil gi fleire intense nedbørflaumar. Alt i dag fører flaum i bekker i byar og tettstader til store skader. Rettleiaren gjev råd om korleis ein kan identifisere og kartlegge flaumutsette områder langs ein bekk.

 

Arealplanlegging

Arealplanlegging i NVE

Flaum og skred er naturlige prosesser, som vert påverka av klimaendringar. Utfordringane oppstår ved at areal som frå naturen si side er flaum- eller skredutsett, vert teke i bruk til menneskelig aktivitet. God styring av arealbruk gjennom arealplanlegging er derfor nødvendig for å redusere skadepotensiale som følge av klimaendringar. NVE bidreg til å førebygge og redusere skadeomfanget frå flaum og skred ved å gi rettleiing i korleis ein skal ta omsyn til naturfare i arealplanlegging i kommunen.

Les meir:

Retningslinjer for flaum- og skred i arealplanar.

Rettleiaren fortel korleis ein bør greie ut og ta omsyn til flaum- og skredfare. I Kap. 5 er omsynet til klimaendringar i arealplanlegginga spesielt skildra.

Faktaark – Klima og arealplanlegging

Faktaark - Skredvifter

 

Sikringstiltak

Arbeid med sikring i NVE

NVE gjev bistand til utredning, planlegging og gjennomføring av sikringstiltak for å sikre eksisterande busetnad mot skade frå flaum, erosjon og skred. Tiltaka ver prioritert ut frå samfunnsøkonomiske nytte-kost-analyser i tillegg til risikovurdering. Forholdet til klimaendringar inngår i vurderingsgrunnlaget både ved prioritering, planlegging og dimensjonering. Med endringar i klima aukar behovet for sikring mot skred i bratt terreng og sikring mot flaumar i bratte vassdrag.