Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 03.03.2021

Kraftsituasjonen veke 8, 2021

Høgare temperaturar og lågare kraftforbruk

Temperaturane auka ytterlegare førre veke og låg over normalen i store delar av Noreg. Det milde vêret bidrog til at kraftforbruket fall med 12 prosent frå veka før. Kraftproduksjonen var også lågare enn veka før, og gjekk ned med heile 14 prosent.

Reduksjonen i kraftpris haldt fram i Norden i førre veke og den gjennomsnittlege norske vekeprisen var 34,3 øre/kWh. Dette er 10,5 øre/kWh lågare enn veka før. Prisane i Nord- og Midt-Noreg var også denne veka lågare enn i Sør,- Aust- og Vest-Noreg. Mykje vindkraftproduksjon i Nord-Sverige og flaskehals sørover bidrog til skilnaden i pris.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 8 2021 (PDF).

Kontaktpersonar

Førstekonsulent Silje Jelsness

E-post: sitj@nve.no