Publisert 03.01.2019

Kraftsituasjonen veke 51 og 52 2018

Høg nettoimport i juleveka.

I veke 51 var det høgt forbruk og lite vindkraftproduksjon i Norden, noko som bidrog til ein auke i kraftprisane i dei nordiske elspotområda frå veka før. I veke 52 medverka mildvêr og juleferie til lågare forbruk, samstundes som vindkraftproduksjonen i Sverige og Danmark gjekk opp kraftig.

Mindre behov for regulerbar kraft bidrog til at systemprisen i Norden gjekk ned ti prosent frå veke 51 til veke 52, medan kraftflyten mellom Noreg og utlandet snudde frå nettoeksport til nettoimport.

Førebelse tall for 2018 visar at kraftforbruket i Noreg var 135,4 TWh, medan produksjonen blei 145,7 TWh. Kraftforbruket auka med 2,5 TWh frå rekorden i 2017, medan produksjonen sokk med 2,5 TWh. Nettoeksporten hamna på om lag 10 TWh, ned frå 15 TWh året før.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 51 og 52 her. (PDF)

Kontaktperson

Senioringenør Jonas Skaare Amundsen,

Tlf: 476 43 457