Publisert 25.11.2026

Kraftsituasjonen veke 47, 2026

Mindre prisforskjellar og nettoimport til Norge

Foto: Herman Dreyer/ NVE

Lite tilsig til vassmagasina bidrog til ytterlegare nedgang i magasinfyllinga i Noreg førre veke. Samstundes gjekk produksjonen ned og forbruket opp og Noreg hadde nettoimport av kraft veka sett under eitt. Det var omtrent like mykje eksport som import av kraft til sørlege Noreg, medan det for veka var rekordhøg import til Midt-Noreg (NO3). Det var fyrst og fremst lågare temperaturar som gav auke i kraftforbruket. Høgare vindkraftproduksjon på kontinentet bidrog til meir import til sørlege Noreg og færre periodar med svært høge kraftprisar enn veka før. Vekeprisane i Midt- og sørlege Noreg (NO3, NO1, NO2 og NO5) vart noko redusert, medan vekeprisen i Nord-Noreg (NO4) auka. 

– Førre veke var det rekordlåg kraftproduksjon, kombinert med import av kraft inn til sørlege Noreg som er uvanleg for årstida. Det var også rekordhøg import til Midt-Noreg for veka. Det tyder på at kraftselskapa held igjen vatn. Konsekvensen er at prisane blir høgare på kort sikt, men at man sparer meir vatn til vinteren. Vi har hatt god dialog med kraftselskapa gjennom heile hausten og mint dei om samfunnsansvaret dei har. Vi kjem til å fortsette den tette dialogen og vurderer  fortløpande nye tiltak, seier Inga Nordberg, direktør i energi- og konsesjonsavdelinga i NVE. 

Likare prisar i Norden og på kontinentet 

Vekeprisane i Midt- og sørlege Noreg vart redusert frå veka før. Prisane i sørlege Noreg heldt seg på eit stabilt høgt nivå, men det var færre enkelttimar med svært høge prisar enn veka før. Høgare vindkraftproduksjon på kontinentet gav fleire periodar med import til sørlege Noreg og det vart mindre forskjell i vekeprisane mellom sørlege Noreg og kontinentet. 

I Nord-Noreg (NO4) auka vekeprisen frå veka før. Prisauken skyldast hovudsakeleg høge prisar på torsdagen. Torsdag føremiddag bidrog låg vindkraftproduksjon og høg etterspurnad etter kraft til høge kraftprisar på kontinentet. Samstundes gav låg vindkraftproduksjon i Norden eit mindre kraftoverskot her. Dette bidrog til høge og nokså like kraftprisar i store delar av Norden og på delar av kontinentet. Trass prisauken hadde Nord-Noreg framleis den lågaste vekeprisen i Noreg.  

Kraftprisar (gjennomsnitt for veka): 

  • Søraust-Noreg (NO1): 203 øre/kWh (-9 øre/kWh frå veke 46) 
  • Sørvest-Noreg (NO2): 212 øre/kWh (-8 øre/kWh frå veke 46) 
  • Midt-Noreg (NO3): 132 øre/kWh (-8 øre/kWh frå veke 46) 
  • Nord-Noreg (NO4): 50 øre/kWh (+33 øre/kWh frå veke 46) 
  • Vest-Noreg (NO5): 207 øre/kWh (-8 øre/kWh frå veke 46) 

Høgare forbruk og nettoimport til Noreg 

Lågare temperaturar førte til større behov for oppvarming i hushalda. Dermed auka kraftforbruket i Noreg førre veke. Samstundes gjekk den samla kraftproduksjonen ned som følgje av lågare vindkraft- og elvekraftproduksjon. Dette bidrog til at Noreg fekk nettoimport av kraft førre veke, noko som er uvanleg for årstida. Normalt har Noreg eit kraftoverskot og nettoeksport seint på hausten. 

I Midt-Noreg var det rekordhøg nettoimport for veka. Sist Midt-Noreg hadde like høg import var i veke 3 i 2024. Vindkraftproduksjonen i bodområdet vart meir enn halvert frå veka før, noko som auka behovet for import. Samstundes avgrensa vedlikehald i nettet framleis overføringskapasiteten mellom Midt-Noreg og sørlege Noreg. 

Kraftutvekslinga i sørlege Noreg var tilnærma balansert førre veke. Høgare vindkraftproduksjon på kontinentet gav fleire periodar med lågare kraftprisar. Dette gav meir import til Sørvest-Noreg enn dei føregåande vekene. 

Lågt tilsig og nedgang i magasinfylling 

Lite nedbør dei siste vekene har ført til lågt tilsig til vassmagasina. I veke 47 var tilsiget i Noreg  berre 38 prosent av det historiske gjennomsnittet. Det var i hovudsak det låge tilsiget som bidrog til at magasinfyllinga i Noreg gjekk ned for tredje veke på rad. 

I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) bidrog det låge tilsiget til at den samla magasinfyllinga framleis ligg under det historiske utfallsrommet, trass i at kraftproduksjonen frå mange av magasinkraftverka gjekk ned.  

Gassprisar 

Gassprisane i Europa heldt seg på eit stabilt høgt nivå førre veke, med noko variasjon gjennom veka. Gassprisane er venta å halde seg på eit høgt nivå gjennom vinteren. Korleis gassprisane vil verke inn på kraftprisane framover vil avhenge av kor ofte gasskraft er den prissetjande teknologien på kontinentet. Dei norske kraftprisane blir vidare påverka av prisnivået i Europa gjennom mellomlandsforbindelsane, særleg inn til Sørvest-Noreg. 

Merknad 

Det manglar data for kraftforbruk i Danmark for delar av veke 47. Desse tala er erstatta med prognosetal. Dette påverkar tal for dansk forbruk og utveksling for Norden (tabell 6 og 7, figur 10, 11 og 12). 

Det manglar òg data for kraftproduksjon i Danmark for heile veke 46 og 47. Desse tala er ikkje erstatta med prognosetal. Det betyr at fleire tabellar og figurar ikkje inkluderer dansk kraftproduksjon. For figurane og tabellane for Norden som heilheit vil derfor danske tal ikkje vere inkludert. I Figur 14 er ikkje flyttala erstatta med prognosetal, så data på utveksling frå Danmark kan vere mangelfull. 

Vêr og hydrologi 

I veke 47 var temperaturen om lag 3 – 5 grader under normalen i heile landet. I veke 48 er det venta kaldt i starten av veka, men mildare vêr mot slutten av veka. I gjennomsnitt for veka ventes 3 - 6 grader under normalen i heile landet.  

 For veke 47 er det utrekna eit tilsig på 0,7 TWh, som er om lag 38 prosent av gjennomsnittet for veka. For veke 48 er det venta eit tilsig på 0,6 TWh. Det er 34 prosent av gjennomsnittet for veka. 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 47, 2026.

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontakt

Marte Hoff Hvamstad
E-post: mahh@nve.no