Publisert 18.11.2026

Kraftsituasjonen veke 46, 2026

Lågare produksjon og nedgang i magasinfyllinga

NVE arbeider no med å forbetre kraftsituasjonsrapporten

Vil du bidra? Del innspela dine her

 

I starten av førre veke var prisane vesentleg høgare enn veka før, medan dei i andre halvdel var noko lågare. For veka samla var vasskraftproduksjonen og nettoeksporten frå sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) lågare enn veka før. Trass i dette, gjekk magasinfyllinga her ned også denne veka. I Midt-Noreg auka både kraftprisane og vasskraftproduksjonen. Etter fleire veker med nokså stabil magasinfylling, var det nedgang førre veke.

Auka kraftprisar
Vekeprisane i sørlege Noreg auka ytterlegare frå veka før og var dermed framleis dei høgaste vekeprisane sidan slutten av 2022. I likskap med i veke 45 var kraftprisane i første halvdel av førre veke høgare enn det marknaden ventar til vinteren. Dette bidrog til at fleire vasskraftprodusentar valde å bruke vatn no. Utover i veka gjekk kraftprisane i nabolanda ned, noko som bidrog til at både kraftprisane og vasskraftproduksjonen gjekk ned i sørlege Noreg.

I Midt-Noreg (NO3) gjekk vekeprisen opp og var den høgaste på over 10 veker. Periodar med låg vindkraftproduksjon og høge kraftprisar i fleire av områdane nord i Norden (NO3, SE1, SE2 og FI) bidrog til dette. Nord-Noreg (NO4) hadde framleis dei lågaste kraftprisane i Noreg, med små endringar frå veka før.

Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):
•Søraust-Noreg (NO1): 212 øre/kWh (+23 øre/kWh frå veke 45)
•Sørvest-Noreg (NO2): 219 øre/kWh (+2 øre/kWh frå veke 45)
•Midt-Noreg (NO3): 140 øre/kWh (+39 øre/kWh frå veke 45)
•Nord-Noreg (NO4): 18 øre/kWh (-1 øre/kWh frå veke 45)
•Vest-Noreg (NO5): 215 øre/kWh (+25 øre/kWh frå veke 45)

Auka kraftforbruk
Lågare temperaturar ga ein auke i kraftforbruket i Noreg førre veke. Det var ein oppgang på om lag 5 prosent frå veka før, og endringa var størst i hushalda i Nord-Noreg (NO4) og i Søraust-Noreg (NO1).
Lågt tilsig og nedgang i magasinfylling i sørlege Noreg

Lågt tilsig og nedgang i magasinfylling i sørlege Noreg
Vasskraftproduksjonen i sørlege Noreg gjekk ned frå veka før og nedgangen var størst i Sørvest-Noreg (NO2) og Vest-Noreg (NO5). Trass i lågare kraftproduksjon, førte lågt tilsig til redusert magasinfylling også førre veke. Til dømes var tilsiget i Sørvest-Noreg berre 35 prosent av det historiske gjennomsnittet. Nedgang i kraftproduksjonen og høgare kraftforbruk ga lågare nettoeksport enn veka før.

Gassprisar
Gassprisane i Europa heldt seg på eit stabilt høgt nivå førre veke, med noko variasjon gjennom veka. Gassprisane er venta å halde seg på eit høgt nivå gjennom vinteren. Korleis gassprisane vil verke inn på kraftprisane framover vil avhenge av kor ofte gasskraft er den prissetjande teknologien på kontinentet. Dei norske kraftprisane blir vidare påverka av prisnivået i Europa gjennom mellomlandsforbindelsane, særleg inn til Sørvest-Noreg.

Merknad
Det manglar data for kraftforbruk for deler av veke 46. Desse tala er erstatta med prognosetal. Dette påverkar tal for dansk forbruk og utveksling for Norden (tabell 6 og 7, figur 10, 11 og 12).

Det manglar òg data for kraftproduksjon i Danmark for store delar av veke 45 og heile veke 46. Desse tala er ikkje erstatta med prognosetal. Det betyr at fleire tabellar og figurar ikkje inkluderer dansk kraftproduksjon. For figurane og tabellane for Norden som heilheit vil derfor danske tal ikkje vere inkludert. For Figur 14 er ikkje flyttala erstatta med prognosetal, så data på utveksling frå Danmark kan vere mangelfull.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 46 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Lukas Trømborg Skinnarmo

Epost: lts@nve.no