Publisert 03.11.2026 , sist oppdatert 04.11.2026

Kraftsituasjonen veke 44, 2026

Høgare kraftprisar og auka vasskraftproduksjon

NVE arbeider no med å forbetre kraftsituasjonsrapporten

Vil du bidra? Del innspela dine her

 

Dei gjennomsnittlege vekeprisane auka i alle dei norske bodområda i veke 44. Lågare vindkraftproduksjon på kontinentet store delar av veka bidrog til dette. Høgare kraftprisar og høgt tilsig gav auka vasskraftproduksjon i Noreg. Dette bidrog til høgare nettoeksport frå Noreg samanlikna med veka før.

Høgare kraftprisar
Dei gjennomsnittlege vekeprisane auka i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) i veke 44, mens endringa var liten i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4). Sørvest-Noreg (NO2) hadde eit stabilt høgt prisnivå heile veka, og det høgaste vekesnittet hittil i år. Den viktigaste årsaka til prisauken var mange dagar på rad med særs låg vindkraftproduksjon på kontinentet. Dette gav fleire timar der dyrare fossil kraftproduksjon var prissetjande. Høg vasskraftproduksjon i sørlege Noreg bidrog til at det oppstod flaskehalsar i utvekslinga mot kontinentet. Dermed blei ikkje kraftprisane i sørlege Noreg like høge som på kontinentet.

Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):

  • Søraust-Noreg (NO1): 152 øre/kWh (+24 øre/kWh frå veke 43)​
  • Sørvest-Noreg (NO2): 166 øre/kWh (+32 øre/kWh frå veke 43)​
  • Midt-Noreg (NO3): 99 øre/kWh (+5 øre/kWh frå veke 43)​
  • Nord-Noreg (NO4): 22 øre/kWh (+0 øre/kWh frå veke 43)​
  • Vest-Noreg (NO5): 145 øre/kWh (+19 øre/kWh frå veke 43)

Høgare vasskraftproduksjon og auka magasinfylling
Kraftproduksjonen auka i alle dei norske bodområda frå veka før. Årsaka til oppgangen var høgare vasskraftproduksjon, og auken var størst i sørlege Noreg. Ein stabil høg kraftpris store delar av veka bidrog til høgare produksjon frå vasskraft med magasin. Samtidig bidrog høgt tilsig til oppgang i elvekraftproduksjon, og samla norsk vasskraftproduksjon var på sitt høgaste nivå sidan veke 10.

I veke 44 auka magasinfyllinga samla sett for Noreg med 1,8 prosentpoeng. Trass høg vasskraftproduksjon i sørlege Noreg, bidrog godt med tilsig til at oppgangen i magasinfyllinga var størst her.

Auka nettoeksport frå Noreg 
Høgare kraftproduksjon og tilnærma uendra kraftforbruk gav ein betydeleg auke i nettoeksporten frå Noreg samanlikna med veka før. Lite vindkraftproduksjon på kontinentet gav høg etterspørsel etter norsk vasskraft. Frå tysdag kveld og ut veka var det tilnærma full eksport frå Sørvest-Noreg (NO2) til Storbritannia, Tyskland og Danmark. Mellomlandsforbindelsen til Nederland var ute til vedlikehald.

Høgare gassprisar
Gassprisane i Europa har auka ytterlegare dei siste vekene, driven av usikkerheit i den globale gassmarknaden og uvisse om LNG-leveransar gjennom Hormuzsundet. Ved utgangen av veke 44 var prisen over 100 EUR/MWh for første gong sidan slutten av 2022. Korleis høg gasspris vil verke inn på kraftprisane i Europa og Noreg kan variere mykje frå veke til veke. Verknaden vil avhenge av kor ofte gasskraft er den prissetjande teknologien. Dei norske kraftprisane blir vidare påverka av prisnivået i Europa gjennom mellomlandsforbindelsane, særleg inn til Sørvest-Noreg.

Merknad
Det manglar data for kraftforbruk i Danmark for fleire timar i veke 44. Desse tala er erstatta med prognosetal. Dette påverkar tal for dansk forbruk og utveksling for Norden (tabell 6 og 7, og figur 12). Det manglar også temperaturdata for torsdag 29.oktober i figur 8. Desse tala er erstatta med prognosetal.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 44 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Martha Johanne Pedersen

Epost: majp@nve.no