Publisert 28.10.2026

Kraftsituasjonen veke 43, 2026

Høgare vindkraftproduksjon og lågare kraftprisar

NVE arbeider no med å forbetre kraftsituasjonsrapporten

Vil du bidra? Del innspela dine her

 

Høgare vindkraftproduksjon i Norden og på kontinentet bidrog til lågare kraftprisar i Noreg i veke 43. I helga gav høg vindkraftproduksjon låg kraftpris i fleire timar, noko som trakk vekeprisane ned i dei norske bodområda. Samtidig gjekk vasskraftproduksjonen frå magasin ned, noko som bidrog til redusert nettoeksport frå Noreg.

Høg vindkraftproduksjon bidrog til lågare kraftpris i helga
Dei gjennomsnittlege kraftprisane gjekk ned i alle dei norske bodområda frå veke 42 til 43, etter eit høgt prisnivå veka før. Samtidig var det stor variasjon i kraftprisane gjennom veka. I starten av veka held kraftprisen seg på same nivå som veka før, før dei fall mot helga.

I helga var det særleg høg vindkraftproduksjon og låge kraftprisar på kontinentet. Dette bidrog til auka import frå kontinentet og redusert produksjon frå vasskraft med magasin i Noreg. Ein større del av etterspurnaden etter kraft i Noreg vart dermed dekt av blant anna av billig vindkraftproduksjon frå kontinentet, noko som bidrog til lågare kraftprisar.

Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):

  • Søraust-Noreg (NO1): 128 øre/kWh (-28 øre/kWh frå veke 42)​
  • Sørvest-Noreg (NO2): 134 øre/kWh (-29 øre/kWh frå veke 42)​
  • Midt-Noreg (NO3): 93 øre/kWh (-27 øre/kWh frå veke 42)​
  • Nord-Noreg (NO4): 22 øre/kWh (-3 øre/kWh frå veke 42)​
  • Vest-Noreg (NO5): 126 øre/kWh (-24 øre/kWh frå veke 42)

Redusert vasskraftproduksjon og om lag uendra magasinfylling
Produksjonen frå vasskraftverk med magasin gjekk ned samanlikna med veka før, og var låg for årstida i sørlege Noreg og i Midt-Noreg. I helga valde fleire vasskraftprodusentar å spare vatnet for å kunne produsere meir når prisane er høgare. Redusert vasskraftproduksjon frå magasin og omtrent normalt med tilsig bidrog til at magasinfyllinga i Noreg var om lag uendra frå veka før.

Lågare nettoeksport frå Noreg
Nettoeksporten frå Noreg gjekk ned i veke 43 samanlikna med veka før. Dette heng blant anna saman med redusert vasskraftproduksjon og auka import til sørlege Noreg i helga. I sørlege Noreg var nettoeksporten over veka nær null.

Høgare gassprisar
Gassprisane i Europa har auka ytterlegare dei siste vekene som følgje av krigen i Midtausten. Korleis dette vil verke inn på kraftprisane i Europa og Noreg kan variere mykje frå veke til veke. Verknaden vil avhenge av kor ofte gasskraft er den prissetjande teknologien. Dei norske kraftprisane blir vidare påverka av prisnivået i Europa gjennom mellomlandsforbindelsane, særleg inn til Sørvest-Noreg.

Merknad
Det manglar data for kraftforbruk i Danmark for fleire timar i veke 43. Desse tala er erstatta med prognosetal. Dette påverkar tal for dansk forbruk og utveksling for Norden (tabell 6 og 7, og figur 12).

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 43 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Marte Hoff Hvamstad

Epost: mahh@nve.no