Publisert 21.10.2026

Kraftsituasjonen veke 42, 2026

Høgare kraftprisar og auka kraftproduksjon

NVE arbeider no med å forbetre kraftsituasjonsrapporten

Vil du bidra? Del innspela dine her

 

Dei gjennomsnittlege vekeprisane auka i alle dei norske bodområda i veke 42, unnateke i Nord-Noreg (NO4). Lågare vind- og solkraftproduksjon på kontinentet bidrog til dette. Høgare kraftprisar gav auka vasskraftproduksjon i Noreg. Samtidig auka vindkraftproduksjonen, og samla kraftproduksjon i Noreg var på sitt høgaste nivå sidan veke 10. Dette bidrog til høgare nettoeksport frå Noreg samanlikna med veka før.

Høgare kraftprisar
Dei gjennomsnittlege vekeprisane auka i alle dei norske bodområda, unnateke i Nord-Noreg (NO4). Sørvest-Noreg (NO2) hadde det høgaste vekesnittet hittil i år. Ei viktig årsak til prisauken var mindre vind- og solkraftproduksjon på kontinentet. Dette gav fleire timar der dyrare fossil kraftproduksjon var prissetjande. Samanlikna med dei siste vekene var kraftprisen meir stabilt høg gjennom veka, noko som bidrog til eit høgare vekesnitt for kraftprisen.

Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):

  • Søraust-Noreg (NO1): 155 øre/kWh (+27 øre/kWh frå veke 41)​
  • Sørvest-Noreg (NO2): 162 øre/kWh (+27 øre/kWh frå veke 41)​
  • Midt-Noreg (NO3): 121 øre/kWh (+41 øre/kWh frå veke 41)​
  • Nord-Noreg (NO4): 25 øre/kWh (-1 øre/kWh frå veke 41)​
  • Vest-Noreg (NO5): 150 øre/kWh (+31 øre/kWh frå veke 41)

Høgare kraftproduksjon og uendra magasinfylling
Trass i auka produksjon frå vasskraft med magasin, bidrog normalt med tilsig til at magasinfyllinga enda omtrent på same nivå som veka før. Også vindkraftproduksjonen gjekk opp, og samla norsk kraftproduksjon var på sitt høgaste nivå sidan veke 10. Ein meir stabilt høg kraftpris gjennom veka bidrog til høgare vasskraftproduksjon for veka under eitt. Til samanlikning har det i andre veker i haust ofte vore periodar i veka eller helga med lågare kraftpris og  redusert vasskraftproduksjon.

Samla sett for Noreg var vindkraftproduksjonen på det høgaste nivået over ei veke hittil i år. Auken i vindkraftproduksjon var størst i Nord-Noreg (NO4). Her blei det produsert om lag 120 GWh frå vindkraft, noko som er det høgste nivået nokon gong for bodområdet.

Auka nettoeksport frå Noreg
Oppgang i kraftproduksjon og tilnærma uendra kraftforbruk gav ein auke i nettoeksporten frå både sørlege Noreg, Midt- og Nord-Norge samanlikna med veka før. Midt-Norge hadde nettoeksport for andre gong i år, og sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) gjekk frå nettoimport i veke 41 til nettoeksport i veke 42.

Gassprisar
Gassprisane i Europa er framleis på eit høgt nivå som følgje av konflikten i Midtausten. Korleis dette vil verke inn på kraftprisane i Europa og Noreg kan variere mykje frå veke til veke. Verknaden vil avhenge av kor ofte fossil kraftproduksjon er den prissetjande teknologien. Dei norske kraftprisane blir vidare påverka av prisnivået i Europa gjennom mellomlandsforbindelsar, særleg inn til Sørvest-Noreg (NO2).

Merknad
Det manglar data for kraftforbruk i Danmark for fleire timar i veke 42. Desse tala er erstatta med prognosetal. Dette påverkar tal for dansk forbruk og utveksling for Norden (tabell 6 og 7, og figur 12).

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 42 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Martha Johanne Pedersen

Epost: majp@nve.no