Publisert 14.10.2026

Kraftsituasjonen veke 41, 2026

Lågare vekeprisar og redusert nettoeksport

NVE arbeider no med å forbetre kraftsituasjonsrapporten

Vil du bidra? Del innspela dine her

 

Høgare vindkraftproduksjon i Norden og på kontinentet bidrog til lågare gjennomsnittlege vekeprisar i Noreg i veke 41. Det var særleg høg vindkraftproduksjon og låge kraftprisar på kontinentet mellom torsdag og laurdag som bidrog til dette. Samstundes gav kjøligare vêr høgare oppvarmingsbehov og auka kraftforbruk. Kraftproduksjonen gjekk ned, noko som gav redusert nettoeksport frå Noreg.

Lågare kraftprisar
Dei gjennomsnittlege kraftprisane gjekk ned i alle dei norske bodområda mellom veke 40 og 41. Vekeprisane vart redusert med om lag 20 øre/kWh i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) og i Midt-Noreg (NO3). Kraftprisane gjekk også ned i alle dei nordiske områda, i tillegg til fleire stader på kontinentet.

Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):

  • Søraust-Noreg (NO1): 128 øre/kWh (-19 øre/kWh frå veke 40)​
  • Sørvest-Noreg (NO2): 136 øre/kWh (-20 øre/kWh frå veke 40)​
  • Midt-Noreg (NO3): 80 øre/kWh (-22 øre/kWh frå veke 40)​
  • Nord-Noreg (NO4): 26 øre/kWh (-4 øre/kWh frå veke 40)​
  • Vest-Noreg (NO5): 119 øre/kWh (-23 øre/kWh frå veke 40)

Auka vindkraftproduksjon og redusert vasskraftproduksjon
Dei reduserte vekeprisane heng saman med høgare vindkraftproduksjon både i Norden og på kontinentet. Midt i veka var det derimot ein periode med lite vindkraftproduksjon og eit høgare prisnivå, og i enkelttimar på tysdag og onsdag var kraftprisane i Sørvest-Noreg (NO2) rundt 250 øre/kWh.

Det var særleg høg vindkraftproduksjon på kontinentet mellom torsdag og laurdag. I timane med høg vindkraftproduksjon på kontinentet var vasskraftproduksjonen i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) redusert, og det var import av kraft til Sørvest-Noreg. Dette bidrog til lågare vasskraftproduksjon i sørlege Noreg enn veka før.

Redusert nettoeksport frå Noreg
Samla sett gjekk kraftproduksjonen i Noreg ned mellom veke 40 og 41. Samstundes gav eit vêromslag kjøligare temperaturar over heile landet og høgare oppvarmingsbehov. Dette bidrog til ein auke i kraftforbruk og redusert nettoeksport frå Noreg. I sørlege Noreg vart det importert meir kraft enn det vart eksportert, og det var nettoimport av kraft til dette området for første gong på fem veker. 

Gassprisar
Gassprisane i Europa er framleis på eit høgt nivå som følgje av konflikten i Midtausten. Korleis dette vil verke inn på kraftprisane i Europa og Noreg kan variere mykje frå veke til veke. Verknaden vil avhenge av kor ofte fossil kraftproduksjon er den prissetjande teknologien. Dei norske kraftprisane blir vidare påverka av prisnivået i Europa gjennom mellomlandssambanda, særleg inn til Sørvest-Noreg (NO2).

Merknad
Det manglar data for kraftforbruk i Danmark for fleire timar i veke 41. Desse tala er erstatta med prognosetal. Dette påverkar tal for dansk forbruk og utveksling for Norden (tabell 6 og 7, og figur 12).

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 41 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Øystein Løvstad Lekve

Epost: olek@nve.no