Publisert 07.10.2026

Kraftsituasjonen veke 40, 2026

Lågare tilsig og uendra magasinfylling

NVE arbeider no med å forbetre kraftsituasjonsrapporten

Vil du bidra? Del innspela dine her

 

Auka vindkraftproduksjon nord i Norden bidrog til lågare kraftprisar i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) i veke 40. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) auka vekeprisane, mellom anna som følgje av høgare kraftprisar og lågare vindkraftproduksjon på kontinentet. Både nettoeksporten frå Noreg og magasinfyllinga var om lag uendra frå veka før.

Auka vindkraftproduksjon i Norden og Noreg
Vindkraftproduksjonen auka i alle dei nordiske bodområda i veke 40. Auken var størst nord i Norden. I Midt-Noreg (NO3) vart produksjonen om lag dobla frå veka før. Ein må tilbake til veke 18 for å finne eit tilsvarande produksjonsnivå for vindkraft i Midt-Noreg. Høgare vindkraftproduksjon bidrog til lågare vekeprisar i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4). Det lågare prisnivået medverka vidare til redusert produksjon frå vasskraft med magasin i desse områda.

På kontinentet var det periodar med låg vindkraftproduksjon, særleg i andre halvdel av veka. Dette bidrog til høgare kraftprisar her og i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5). Etter vedlikehald i veke 39 på kabelen mellom Sørvest-Noreg (NO2) og Tyskland, var det meir kraftflyt mot Tyskland i veke 40. Samstundes var det meir import til Søraust-Noreg (NO1) frå Sør-Sverige (SE3). I sum vart det noko høgare nettoeksport frå sørlege Noreg over veka.

Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):

  • Søraust-Noreg (NO1): 147 øre/kWh (+12 øre/kWh frå veke 38)​
  • Sørvest-Noreg (NO2): 156 øre/kWh (+14 øre/kWh frå veke 38)​
  • Midt-Noreg (NO3): 102 øre/kWh (-5 øre/kWh frå veke 38)​
  • Nord-Noreg (NO4): 30 øre/kWh (-11 øre/kWh frå veke 38)​
  • Vest-Noreg (NO5): 142 øre/kWh (+8 øre/kWh frå veke 38)​

Uendra magasinfylling i Noreg
I førre veke gjekk både tilsiget og vasskraftproduksjonen i Noreg ned, og magasinfyllinga vart uendra. Trass lågare vasskraftproduksjon, bidrog høgare vindkraftproduksjonen til at samla kraftproduksjon i Noreg gjekk opp. Da kraftforbruket auka med om lag like mykje, vart nettoeksporten frå Noreg lik som veka før.

Gassprisar
Gassprisane i Europa er framleis på eit høgt nivå. Korleis dette vil verke inn på kraftprisane i Europa og Noreg kan variere mykje frå veke til veke. Verknaden vil avhenge av kor ofte fossil kraftproduksjon er den prissetjande teknologien. Dei norske kraftprisane blir vidare påverka av prisnivået i Europa gjennom mellomlandssambanda, særleg inn til Sørvest-Noreg (NO2).

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 40 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Øystein Løvstad Lekve

Epost: olek@nve.no