Publisert 13.10.2021

Kraftsituasjonen veke 40, 2021

Høge prisar i Europa

I veke 40 opplevde fleire land i Europa særs høge kraftprisar. Tyskland og Danmark hadde torsdag enkelttimar med pris på heile 440,4 øre/kWh. Låg produksjon frå sol- og vindkraft bidrog til at dyr termisk produksjon måtte dekke etterspurnaden i desse timane. Få dagar tidlegare var timeprisen negativ. Dei store prissvingingane som har prega kraftmarknaden den siste veka, illustrerer korleis variabel tilgang frå fornybare teknologiar kan gi store utslag i eit vêrbasert kraftsystem. Høgaste kraftpris i ein enkelttime sør i Noreg var 136,3 øre/kWh.

Magasinfyllinga for Noreg auka med 1,6 prosenteiningar til 66,4 prosent førre veke. Trass auka magasinfylling gjekk den gjennomsnittlege vekeprisen sør i Noreg noko opp. Auken har mellom anna samanheng med mindre vindkraftproduksjon, høgare kraftpris i nabolanda og auka eksport frå Noreg. Prisen sør i Noreg enda på 109,1 øre/kWh, meir på nivå med dei sør-norske prisane i vekene 35-38. I Midt- og Nord-Noreg (NO3, NO4) vart dei gjennomsnittlege vekeprisane høvesvis 42,8 og 32,5 øre/kWh. Kraftprisen i sør er nå nesten tre gangar så høg som i nord.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 40 2021 (PDF)

Kontaktperson

Rådgivar Julie de Brisis

Epost: jmdb@nve.no