Kraftsituasjonen veke 39, 2020 - NVE

Auke i eksport frå Noreg

I førre veke auka nettoeksporten av kraft frå Noreg med om lag 30 prosent samanlikna med veka før. Ifølgje førebelse tal var nettoeksporten på over 710 GWh og såleis den høgaste eksporten frå Noreg for ei enkelt veke sidan 2016. Den høge eksporten har si årsak i mykje tilsig og høgare vasskraftproduksjon, i tillegg til meir tilgjengeleg eksportkapasitet frå Noreg til Sverige.

Trass høgare eksportmogelegheiter fall den gjennomsnittlege kraftprisen i Noreg frå 10 øre/kWh i veke 38 til 5 øre/kWh i veke 39. I likskap med store delar av september var kraftprisen i Nord-Noreg lågare enn kraftprisane i resten av landet førre veke.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 39 her.